Seminar om grammatisk kjønn i Trondheim
(7.6.17) Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon arrangerer 14. juni eit seminar om grammatisk kjønn – på fagspråket kalla genus. Det blir innlegg av fagfolk både frå NTNU og andre norske universitet, og spørsmål knytte til grammatisk kjønn i norsk blir drøfta frå ulike synsvinklar.
Genus er eit satsingsområde for fagrådet, som i tida framover tar sikte på å behandle fleire saker om innsnevring av valfridomen for ord som i dag er normerte med to eller tre genus.
Seminaret er ope for alle interesserte. Påmelding er ikkje naudsynt.
Tid: onsdag 14. juni 10.00–15.30
Stad: ISL, Dragvoll, bygg 3, rom 3432
Program | |
---|---|
10.00–10.15 | Opning – kort innleiing ved fagrådet |
10.15–10.55 | Philipp Conzett (UiT): Genusvariasjon i norsk skriftspråk |
10.55–11.35 | Terje Lohndal, Mari Nygård og Tor Åfarli (NTNU): Genustilordning |
11.35–12.15 | Terje Lohndal, Guro Busterud og Tina Louise Ringstad (NTNU): Genus i barnespråk |
12.15–13.15 | Lunsj (for eiga rekning) |
13.15–13.55 | Ivar Berg (NTNU): Genus i diakront perspektiv |
13.55–14.35 | Hans-Olav Enger (UiO): Tilfeldig? Neppe! --- Eller kanskje litt. |
14.35–14.50 | Kaffi |
14.50–15.30 | Brita Ramsevik Riksem (NTNU): Nye rammer for språknormering |
15.30–15.45 | Oppsummering / oppsummerande diskusjon |