I Noreg er nasjonaldagen 17. mai ein grunnlovsdag, sidan vi denne dagen feirar «Kongeriget Norges Grundlov, given i Rigsforsamlingen paa Eidsvold den 17de Mai 1814, saaledes som den er lydende ifølge siden foretagne Ændringer, senest Grundlovsbestemmelse af 21ste Mai 2012». Ordet Grundlov står naturleg nok fleire andre stader i grunnlova, men vi finn òg Konstitution.