Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet.
I innleiinga blir det gjort greie for mandatet til rettskrivingsnemnda og bakgrunnen for at det no vart ei rettskrivingsendring i nynorsk. Hovuddelen av innstillinga er delt inn i to bolkar: spørsmål som har med lydverket (skrivemåten) å gjere, og spørsmål som handlar om formverket (formval og bøyingsverk innanfor dei ulike ordklassane).
Fremst i innstillinga er det eit samandrag av vedtaka.
Sist oppdatert: 29. august 2012
Innstillinga inneheld det ferdige framlegget til ny offisiell rettskriving for nynorsk frå rettskrivingsnemnda. Styret i Språkrådet behandla innstillinga 20. mai 2011.