Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Jemtsk og trøndersk – to nære slektningar

Historisk og geografisk ligg Jemtland mellom Sverige og Noreg, og landsdelen har vori påverka både frå aust og vest. Arkeologi og gardsnamn viser nære band til Trøndelag i ein tidleg periode. Seinare ser det ut til at påverknaden var sterkare frå søraust. Kristendommen må ha kommi frå svensk område, og Jemtland kom til å ligge under erkesetet i Uppsala, i motsetnad til Herjedalen, som kom inn under Nidaros. Den kyrkjelege tilknytinga til Sverige heldt fram også etter at Jemtland vart lagt under den norske krona. Det nære sambandet med Trøndelag må likevel heile tida ha vori ganske livleg både før og etter at Jemtland og Herjedalen i 1645 var avstått til Sverige. Blant anna var dei årvisse marknadene på Levanger og Frösön møtestad for store grupper av jemtar og trønderar. Også på andre måtar var det nær kontakt mellom folk på begge sider av den nye grensa, f.eks. ved utveksling av arbeidskraft. Jemtane kunne arbeide for bøndene på Innherad i slåttonna, og innheradsbygger drog til sommararbeid i Jemtland, der onnene kom noko seinare enn nede ved fjorden.

Dei jemtske dialektane avspeglar denne mellomstillinga, og den nasjonale tilhørigheita har vori ulikt vurdert av språkforskarane. Svenske dialektologar som Elias Wessén, Bengt Pamp og Herman Geijer peikar på den språklege samanhengen vestover, men konkluderer med at jemtsk «… dock avgjort är mera svenskt än norskt» (Wessén: Våra folkmål), mens andre, som J.A. Lundell, understrekar påverknaden frå trøndersk, som jemtsken, saman med herjedalsken, står nærare enn andre svenske mål. Den danske språkforskaren E. Jessen har kanskje gitt den rettaste vurderinga når han i 1875 seier at «jeg veed ikke, om der virkelig er en Grendse mellem «svenske» og «norske» Dialecter», og at «Spørsmaal om Jemtsk og Herjedalsk «er svensk eller norsk», egentlig falder bort».

Austnordisk – vestnordisk, tradisjonell deling

Den delte tilhørigheita viser seg i at dei jemtske dialektane har både austlege og vestlege trekk. Ut frå dei tradisjonelle kriteria for deling mellom aust- og vestnordisk kan ein ikkje karakterisere jemtsken som eintydig austnordisk, trass i fleire austlege trekk. Som i svensk elles er det i jemtsken mindre gjennomført u-omlyd (f.eks. harv og fann/snöfänna) enn i den trønderske nabodialekten (hårv og (snø)fånnj), men her kan ein peike på manglande u-omlyd også i trøndersk, spesielt inntrøndersk, i former som asp ’osp’, sparv ’sporv’, trast ’trost’, ask’ ‘oske’, skaddj’ ‘skodde’o.fl. (Apostrof etter ei form markerer bortfall av vokal og cirkumflekstonelag.) Eit austleg trekk ved jemtsken er også meir gjennomført bryting av kort e, f.eks. sjala ‘stela’, sjaga ‘stige’, tjånar ‘tinar, hardved’ mot trøndersk stælla, stålla, stalla, stægga, stågga el. stagga, tænnar el. tunnur. Også her kan ein peike på tilsvarande eksempel i nabodialektane på Innherad, f.eks. tjuddur ‘tiur’, stjel eller sjal ‘støl, styrd’. Det mest sentrale ordet med bryting i jemtsk er pronomenet je, som kjem frå gammalsvensk jak, mens trøndersk, med to unntak, Røros og Singsås, har former utvikla frå gammalnorsk ek: e(g), æ(g), ei(g), ei, i. Jemtsken har i tillegg den austlege w-brytinga: sjong ‘synge’, sjonk ‘søkke’, som manglar i norsk.

Ved to av dei andre gamle delingskriteria viser derimot jemtsk vestleg tilknyting. Den gamle lange u-en er bevart i ku, bru og (ei) bu, (formene å bo og å tro er truleg innlånte), og dei såkalla nasalassimilasjonene er stort sett gjennomført som i trøndersk: sopp, bratt, dråkn (svensk svamp, brant, drunkna).

Eit par andre utviklingar av seinare dato skil mellom jemtsk og trøndersk. Jemtsken har ikkje hatt palataliseringa av nn, ll, tt og dd (allj mannj, sveittj, reddj), som karakteriserer dialekten vest for grensa. Denne palataliseringa manglar nesten heilt innafor svensk målområde. Eit anna skilmerke er at jemtske og herjedalske dialektar har mista h-en i konsonantgruppa hv (vit, vass osv) i framlyd, mens trøndersken har hatt overgang hv>kv (kvit, kvass osv.) Her representerer faktisk landegrensa også den språklege grensa.

Nesten alle dei jemtske dialektane har, som dei trønderske dialektane nord for Tydalen, bevart dei gamle diftongane ei, øy og au: stein, geit, keip (på båt), røyk, (stein)røys’, haug, staur, gaup’ osv. I nordisk samanheng er dette eit reliktfenomen som vi finn i utkantområda, der diftongforenklinga ikkje nådde fram i mellomalderen: Gotland, det svenskspråklege Finland, Norrbotten, Västerbotten, Jemtland og størstedelen av Noreg. Sjølv om det her er tale om eit relikt, er det ikkje uviktig at jemtsken på dette punktet står saman med dialektane vest for grensa.

Jamvekt og apokope

Det viktigaste fellestrekket for jemtsk og trøndersk er likevel resultatet av ei språkutvikling som truleg starta i seinmellomalderen, nemleg jamvekt og apokope. Jamvekt, eller på svensk vokalbalans, er ulik utvikling av trykklett vokal etter kort og etter lang staving, og i norsk finn vi resultatet av denne utviklinga i austlandsk og trøndersk, og i  svensk i dalmål og norrländsk. I austlandsk har det f.eks. ført til ulik infinitivsending: kaste, kjøpe, skrive med redusert a>e, men grava, veta eller væta, kåmma eller kåmmå med uredusert a (ev. overgang til å). I jemtsk og trøndersk har utviklinga jamt over vori meir radikal. I dei såkalla overvektsorda, dvs. tostavingsord med opphavleg lang førstestaving, er endingsvokalen bortfallen, han er apokopert, f.eks. kast’ eller ka’ast’, kjøp’ eller kjø’øp, skriv’ eller skri’iv osv. (Dobbeltskrivinga av vokalen markerer totoppa staving, som er meir utprega i jemtsk enn i trøndersk.)  I jamvektsorda er derimot endingsvokalen bevart: gravva, gråvvå, græ:va, vætta, vatta, våttå, væ:ta (: markerer lengd) osv. I jamvektsorda er det dessutan meir eller mindre radikalt gjennomført jamning eller vokalassimilasjon.

Jamvekt, apokope og jamning er resultat av språklege utviklingsprosessar særleg i nordskandinavisk, og fins altså både i jemtsk og trøndersk. Det er likevel ein del forskjellar i gjennomføringa av prosessane. I jamvektorda er det såleis konsonanten som er forlengd i trøndersk og herjedalsk: lævva, lavva, låvvå, lövvö ‘leva’, harra, hårrå ‘hare’, stuggu, stoggo ‘stove’, mens det er vokalen som er forlengd i jemtsk (kort staving, dvs. kort vokal + kort konsonant, er bevart i dei  austlegaste dialektane): la:va, ha:ra, stu:gu. På dette punktet har jemtsk hatt same utvikling som i austlandsk (minus nordøsterdalsk). I trøndersk er det dessutan meir gjennomført jamning enn i jemtsk. I dei indre trønderske måla er det full utjamning mellom rot- og endevokal: våtta eller vatta, ein nåvvå eller navva, ei vukku eller vokko. Dei jemtske dialektane har meir av tiljamning, dvs. at rotvokalen blir meir lik, men ikkje fell saman med, endevokalen: væ:ta, næ:va, men det fins også eksempel på full utjamning. Når det gjeld lydutviklinga på dette punktet, er det meir likskap mellom jemtsken og dei ytre trøndermåla.

I jemtsk er apokopen dessutan meir gjennomført enn i trøndersk, først og fremst ved at presens av svake verb har mista endinga. Ein jemte seier såleis je ka’ast ‘eg kastar’ og je kjø’øp ‘eg kjøper’. Dei einaste trønderane som har apokope i denne kategorien, er snåsningane og libyggene: i kast’, i kjøp’, mens alle andre trønderar har ending: æ(g), e(g), eig kasta, kaste eller kasti, kjøpe eller kjøpi. Apokope av svake hankjønnsord, oks’ el. o’oks ’okse’, mån’ el. må’ån ’måne’ osv. finn vi på begge sider av grensa, men over eit langt større område i Jemtland enn i Trøndelag. I jemtsk (medeljämska el. högjämska) er det, spesielt i eldre mål, også apokope i ubestemt fleirtal av substantiv, både maskulina og feminina: hä’äst ‘hestar’, kni’iv ‘knivar’, bjä’ärk ‘bjørker’ osv., men no er det for det meste ending, -a eller -e. Denne apokopen er ukjent i trøndersk.

Ordforrådet

Det er altså fleire trekk ved lydutviklinga som er felles for jemtsk og trøndersk, og som fortel om fellesskap i ulike historiske tidsperiodar, men det er også ein del trekk som skil mellom dei, og som vitnar om ulik utvikling eller påverknad frå ulike hald. Dersom ein ser på ordforrådet i dialektane i dei  to landsdelane, oppdagar ein  påfallande stor grad av likskap. Det dreiar seg i mange tilfelle om ord som i skandinavisk samanheng har ei nordleg utbreiing og ikkje fins lenger sør. Orda kan høre til ulike historiske lag i språket, men det kan vera vanskeleg å avgjera om det er felles ord frå same tidsperiode, eller om det er utveksling på grunn av nær sosial og kulturell kontakt opp gjennom historia.

I det felles jemtsk-trønderske vokabularet er det såleis mange lag. Til det eldste hører ord frå naturen, nemningar for plantar, dyr, fuglar, insekt, delar av menneskekroppen osv. Eksempel på slike fellesord er  speik ‘frost, tele’, raukjoks’ ‘lavskrika’, my ‘mygg’, knort ‘knott’, gullhøn’ ‘marihøne’, æksing ‘kveke’.

Innafor det tradisjonelle jordbruket finn ein også fleire eksempel på ord med nordleg utbreiing, f.eks. frau ‘gjødsel’, hein ‘bryne’, ku(skit)rus’ ‘kuruke, kukake’. Når ’hestesele’ heiter grei’ og ‘bogtre’ boggreitre både i Trøndelag og i Jemtland, er det truleg eit minne om at salmakarane i Trondheim var leverandørar i eit større geografisk område.

No gjekk ikkje påverknaden berre frå vest til aust. Det finst fleire vitnemål om språkleg påverknad frå jemtsk til trøndersk, og da særleg på dialektane på Innherad. På marknaden på Levanger, Marsimartnan, der det bl.a. var kjøp og sal av hestar, kunne det også bli utveksling av nemningar. Når ein i Inntrøndelag og i Namdalen kan snakke om eit skjut ‘ei merr’, så er det eit lån frå svensk, og likeins har nemninga for hestesjukdommen svalle ‘hesteforkjølelsa, kverka’ kommi inn frå jemtane. Det er til og med sannsynleg at forma gål ‘gard’, som vi no finn i heile Nord-Trøndelag, er lånt frå Jemtland, og ikkje frå Trondheim, for der har dei frå gammalt hatt gal heilt inn til bygrensa.

Sjølv om Jemtland både fikk kristendommen frå svensk område og hørte inn under erkebispesetet i Uppsala, har religiøse nemningar også kommi inn frå vest. Når 23. desember blir kalla Sjursmessdagen ‘Sigurdsmessedagen’ og djevelen heiter Gammel-Sjurd både i Trøndelag (og nordover) og i Jemtland, vitnar det om eit gammalt nordleg fellesskap (nemningane fins ikkje lenger sør, verken i Noreg eller Sverige).

Den nære kontakten mellom Jemtland og Trøndelag vart ikkje broten etter 1645. I jemtske dialektar fins det fleire eksempel på vestlege kulturimpulsar og nemningar av nyare dato. Ein kan her nemne ord som avis, blyant, gradstokk, hannkle, kleklip i staden for dei svenske nemningane tidning, blyertspenna, handduk, klädnypa ofl., som viser at i Jemtland var det Trondheim som var byn, langt inn i vår tid.  I dag skjer vel påverknaden på dialektane i begge landsdelane i større grad frå rikssentra og frå normert riksspråk, og da sterkast i Jemtland. Men det er ei anna historie.

(Arnold Dalen er pensjonert professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Trondheim, NTNU, og har dialektgransking, med særleg vekt på trønderske dialektar, som spesialområde.)

Arnold Dalen 
Utviklet av Gazette