Når statar skifter ham
Ein sjeldan gong byter jamvel statar namn.
Me konsentrerer oss her om eit utval av noverande nasjonar som har fått nye namn på norsk og andre språk dei siste hundre åra (etter den første verdskrigen), utan at statsgrensene deira har vorte justerte:
FØR | NÅ | ÅR | ÅR | |
---|---|---|---|---|
Persia | Iran | 1935 | ||
Siam | Thailand | 1938 | ||
Nord-Rhodesia | Zambia | 1964 | ||
(Belgisk) Kongo | Zaïre | 1971 | Den demokratiske republikken Kongo | 1977 |
Ceylon | Sri Lanka | 1972 | ||
Dahomey | Benin | 1975 | ||
Rhodesia | Zimbabwe | 1980 | ||
Øvre Volta | Burkina Faso | 1984 | ||
Burma | Myanmar | 1989 | (alternativ engelsk skrivemåte; offisiell form på norsk frå 2011 | |
Swaziland | Eswatini | 2018 | ||
Makedonia | Nord-Makedonia | 2019 |
Det er gjerne politiske og historiske årsaker (som avkolonisering) til at land tek nye namn, i kombinasjon med ønsket om å unngå forveksling.
Eit godt døme på forveksling er Makedonia, som òg er namnet på ein tilgrensande region i Hellas. Etter ein årelang strid med Hellas endra staten Makedonia namn til Nord-Makedonia i 2019.
Eit anna ferskt døme er Swaziland (engelsk namn), som skal ha endra namn til Eswatini (lokalt namn) for å unngå likskapen med Switzerland (det engelske namnet på Sveits). Eller kanskje var det for å markere større avstand til kolonitida under Storbritannia? Endringa skjedde trass alt den dagen eswatiarane markerte 50 års sjølvstende i 2018.
Det finst òg andre statar, som Kviterussland og Georgia, som har ytra ønske om at andre land endrar namnet på landet deira, til høvesvis Belarus og Sakartvelo – med litt ulikt hell så langt.